×

Merknad

Google Geocoding API error: The request was denied.

Almås Hotell - Stord

Adresse

Kjøtteinsvegen 60 5411 Stord

Beskrivelse

Romma er vårt sterkaste kort

Totalt har vi 35 rom av ulik storleik og med ulikt interiør. Felles for alle er at dei har god standard med koselege møblar og fargar. Vi legg vinn på at det skal vera reint og fint på romma. Det synest vi gjestene våre fortener. Fjernsyn med rikt utval i kanalar er ein sjølvsagt ting på romma. Det same gjeld dusj og toalett.

Frukosten det viktige måltidet!

Mange av gjestane våre er på Stord fordi dei har ein jobb å gjera. Difor vil vi gje alle ein best mogeleg start på dagen. Kveldsbuffé får du også utan å betala meir. Vi har fleire opphaldsrom om du vil slappa av om ettermiddagen og kvelden. Nytrekt kaffi og te står alltid klar. Det same gjer solarium, sauna og biljard. Leirvik har fleire restaurantar og enda fleire kafear. Diskotek og barar finst det òg.

Spesifikasjoner

  • Kredittkort: Visa, Mastercard, Diners, Eurocard, American Express
  • Antall senger: 70
  • Antall rom: 35
  • Restaurant: 1
  • Fasiliteter: Allergi rom, Bar, Barn og familie, Bastu, Bryllups fasiliteter, Dans, Fiske, Kabel TV, Parkering utendørs, Ping pong, Pub, Restaurant, Romservice 24t, Sauna

Kart og veibeskrivelse

Avstander

Flyplass: 20 km | Buss: 0 km | Tennis: 10 km | Fergeterminal: 5 km | Sentrum: 1 km | Strand: 0 km | Parkering:0 km

Hvordan finne oss?

Stord er ein triveleg liten by på Vestlandet, midt mellom Bergen og Haugesund. Her er det korte avstandar mellom jobb, skule, barnehage og fritidstilbod. Kommunikasjonen til Bergen, Haugesund og Stavanger er god enten du reiser med hurtigbåt eller ferje og bil. Øya vår har eigen flyplass med daglege avgangar til Oslo, Gardermoen. Det tek om lag ein time med fly frå hovudstaden til Stord. Leirvik, med ni tusen innbyggjarar, er hovudstaden i Sunnhordlandsregionen. Den andre tettstaden i Stord kommune er det stadig veksande Sagvåg med snaue 5 000 innbyggjarar. Sjølve Stord kommune, som ligg på sørsida av øya Stord, har 16 700 innbyggjarar. På nordsida av øya ligg Fitjar med cirka 4 000 innbyggjarar.

* Regionhovudstaden vår, Leirvik, er ein vaksen småby med ei yrande gågate, Borggata. Stord har alle dei tilboda som høyrer med til ein by. Her ligg Stord sjukehus og Stord lufthamn.

* Stord er også eit senter for opplæring og utdanning. Her er vidaregåande skular og høgskule. Høgskulen Stord/Haugesund tilbyr lærarutdanning, ingeniørutdanning og sjukepleiarutdanning. Hovudadministrasjonen til høgskulen er lagt til Rommetveit nord for Leirvik.